Ekte julemagi hos Fredheim Blomster

Jul hos Fredheim Blomster i Varehuset Rosendal er rein magi. I midten på november blir nemleg blomebutikken forvandla til ein stemningsfull julebutikk fylt med alt du kan tenkja deg av julepynt, nissar, julebelysning, juletrepynt og juleblomar. Velkommen til ein glitrande julehandel!

Julegåver til store og små

Hos Fredheim Blomster ynskjer Mette Friheim og Cecilie Opedal velkomen til ein glitrande julehandel. Julepynten skin og diamantane glitrar om kapp. Her finn du julegåver til både store og små.

- Me har mykje fin julepynt i alle varianter, både i raudt, sølv, gull og svart. Og det som er så fint er at mykje av det kan kombinerast med dei fleste stilar. Me har mellom anna nokon reinsdyr som passar ypperleg som dekorasjon på eit julepynta middagsbord, eller søte små nissar som egnar seg i ein dekorasjon. Det er så mange moglegheiter, smiler butikksjef Mette Friheim.

Jula er kanskje den tida på året me pyntar aller mest. For å skapa din eigen personlege stil kan det vera fint å kombinera den tradisjonelle og nostalgiske julepynten du har hatt i lang tid, med noko nytt og spennande. I blomebutikken finn du garantert noko som kan vera fint å gi i julegåve, anten til seg sjølv eller til nokon du er glad i. Det er rimelige prisar og god kvalitet.

- Kva med å gi ein søt nisse i grautpakken, eller ei mummikule til den mummifrelste? Elles har me blant anna pakka opp ei nydeleg julestjerne som går på batteri, og mange flotte pyntejuletre, som til dømes dette som glitrar i både sølv og gull. Me har også vasar og potter i all slags fargar og former, seier Mette medan ho viser fram sine favorittar.

Sjå video frå Fredheim Blomster sin stemningsfulle julebutikk

"Det kjekkaste eg veit er å pynta butikken til jul, og å få stå og ynska dei mange juleglade kundane mine velkommen."
Mette Friheim

Den viktige juleblomen

Blomar høyrer jula til, og for mange er ikkje stemninga rett før juleblomane er i hus. Anten du vel det tradisjonelle raude, eller det klassiske kvite uttrykket, har Fredheim Blomster juleblomen som passar perfekt til din heim.

- Dei mest populære juleblomane er julestjerne, amarylisar, azalea, tulipanar, julegleder og juleroser. Stovegrana er også svært populær. Blomane blir også ekstra lekre i ei raud potte, eller kanskje ei i gull?, smiler butikksjefen.

Om du til dømes ynskjer amaryllisen utsprungen på julaftan, oppfordrar Mette deg til å kjøpa han tidleg i advent. Om den utviklar seg for fort, kan du setja den mørkt og kaldt i mellomtida.

- Me har også ferdige kransar til å henga rett på døra, eller det du treng for å laga din eigen.

Stemningsfullt julebord

Eit flott julebord er blikkfanget i ein elles julepynta heim. Det er sjølve krona på verket! Korleis skal det sjå ut i år? Skal du gå for tradisjonelt raudt, klassisk kvitt eller berre grønt? Spørsmåla er mange, men Mette og Cecilie på Fredheim Blomster kan rådføra deg. Eit stemningsfullt bord gir nemleg eit godt grunnlag for eit hyggeleg måltid i godt lag.

- Borddekorasjon kan skapa ein lun og god atmosfære. La julebordet bogna av blomar, lys, kongler og vintergrønt - ein kan nemleg aldri få nok av slikt, smiler damene i den magiske julebutikken.

Favorittdekorasjonen til Mette

Steg 1. Julestjerner

Eg byrjar med å setja ut små julestjerner i potter rundt om på bordet. Jo fleire julestjerner jo betre.

Steg 2. Granbar

Deretter legg eg betar med granbar og ei lyslenkje inni mellom julestjernene, slik at det ser ut som ein bordløpar.

Steg 3. Julepynt

Til slutt dekorerer eg med julepynt som til dømes kongler, raude epler og dryssar litt falsk snø over. Enkelt og så fint!